Oversiktsbilde over Skjerjehamn. Foto: Firda Seafood Group

Skjerjehamn satser videre på havbruk og kultur

Den vesle gjestgjevarstaden, Skjerjehamn, i Gulen har fra årsskiftet ansatt Viggo Randal med ansvar for visningssenteret for oppdrett og kulturformidling.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skjerjehamn har i ei årrekke drive formidling ved Firda Seafood sin visningskonsesjon for oppdrett, og fornya i fjor den permanente utstillinga med konseptet med ”Blue Garden” som vart åpna av Fiskeridirektør Liv Holmefjord, skriv selskapet i ei pressemelding.

Skjerjehamn – Utkant

Randal er for mange kjent som primus motor bak den årvise Utkant festivalen siste veka i juli kvart år. No er han tilsett som visnings og kulturansvarleg på Skjerjehamn.  

Stillinga han tek til i har eit hovudfokus på å vidareutvikle formidlinga av stadens tilknytting til oppdrett gjennom Firda Seafood sin visningskonsesjonen for laks og aure.

Allsidig bakgrunn

Sjølv om dei fleste i området kjenner Randal frå Utkant, er det i oppdrettsnæringa han starta karriera si, og familien hans starta med oppdrett så tidleg som i 1970. Det var difor naturleg at han valde både å ta utdanning og starte sitt virke innan næringa.

Nokre av dei første minnene eg har er med eit ausekar i handa, innpakka i ein alt for stor redningsvest, når eg var med han far ned for å mate laksen og auren me hadde i ein heimesnikra merd. I min ungdom var eg aldri i tvil om kva eg skulle verte, eg skulle drive med oppdrett av fisk, nett slik far min gjorde.

Fram til 2010 var det oppdrett som var inntektskjelda for Randal. Oppvekst og yrkesval har gjort at Viggo er lommekjent i Gulen sin skjergard, og vant med å ferdast på sjøen, noko ein må kalle eit fortinn når ein skal ha med turister ut på oppdrettsanlegg og det er med bakgrunn i denne allsidigheten at eigaren av Skjerjeham, Ola Braanaas, har henta akkurat han til jobben

- I dag er det havbruk som bærer Skjerjehamn, og for oss som driver med havbruk er det viktig å få formidlet historien om hvorfor verdiskapningen fra oppdrett av laks og ørret er så viktig for samfunn langs hele norskekysten. Viggo har en unik kompetanse, som passer Skjerjehamn godt, du finner ikke mange som både har lokale røtter og har kunnskap om Havbruk og kultur langt ute i utkanten, seier Ola Braanaas

- Denne stillinga byr på mange spanande utfordringar å syne for besøkjande den unike posisjon havbruk har hatt historisk og dei framtidsretta visjonane næringa har. Eg ser på denne stillinga som svært interessant og utfordrande, med allsidige arbeidsoppgåver, innanfor fleire felt eg har stor interesse og kunnskap innanfor, avsluttar Randal