Steinvik Fiskefarm Visningssenter var ein av dei fyrste som fekk visningsløyve. Her frå eit tidlegare arrangement.

10 års jubileum:

– Endeleg kan me arrangere open dag igjen

Anne Karin Vassbotten og teamet i Steinvik kan endeleg invitera til «Open dag» hos Steinvik Fiskefarm etter fleire års pause. – Dei besøkjande får nydeleg solskinnsver, god aure og mykje action for både små og vaksne, fortel ho. 

Publisert Sist oppdatert

Steinvik jobbar for fullt for å få på plass de siste detaljane før «Open dag» brakar laus på Eikefjorden i Sogn og Fjordane fyrstkommande laurdag.

Gratisarrangementet «Open dag» har vore arrangert sidan 2011, då Steinvik Fiskefarm Visningssenter var ein av de fyrste som fekk visingsløyve. 

Anne Karin Vassbotten, leiar for visingssenteret, fortel til Kyst.no at dette er tiande året dei arrangerer open dag. 

Anne Karin Vassbotten, leiar for Steinvik Fiskefarm Visningssenter, er glade for at dei igjen kan invitera til «Open dag» i Eiekfjorden. - Me kan skimta med godt ver, god aure, og mykje gøy for born og vaksne, seier ho.

– Det er jo eit lite jubileum i år. Me startar kl. 11 og arrangementet varer til kl. 17.00. Me har ikkje arrangert open dag på nokre år på grunn av koronapandemien og i fjor hadde me mykje byggeaktivtitet her på staden. No har me utvida parkeringa vår og skal ha god plass til å ta i mot godt over tusen besøkjande me håpar tar turen her på laurdag, seier ho, og legg til: 

– Me håpar jo at endo fleire vil koma i år sidan det har vore eit par års pause, samtidig som det er meldt så flott ver.

Mykje action

Årets 10-års jubileum for open dag kan skimte med ribturer for fyrste gong, der dei gjennom heile dagen skal ha turar for dei som ynskjer ein fartsfull tur på sjøen. Samstundes kjem Redningsselskapet som har base i Florø og Måløy, og dei vil arrangere mange kjekke aktivitetar for borna. 

– Spesielt gøy for dei minste er det vel at Elias-båten kjem. Me skal sjølvsagt servere den gode auren vår, og dessutan vise den fram på visingsanlegget. 

– Det kjem ulike veteranbåtar og biler. Me skal ha vår populære quiz med fine premier, god mat og drikke, og sjølvsagt masse leikar for både born og vaksne, blant anna ein fiskekonkurranse. Skulemusikkorpset frå Eikefjord kjem og speler, så alt ligg til rette for ein fin dag, fortel ho. 

Alle aktivitetane er gratis, det einaste som kostar pengar, er mat og drikke, der inntektene går til det lokale grendelaget. 

– Dette er ein fin moglegheit for oss å visa fram visingssenteret, fisken vår, kva me driv med og ikkje minst ha ein kjekk samling for barnefamiliar og turistar, seier ho. 

Den lokale 4H-klubben kjem også med ein spesiell sykkel, der du må sykle for å lage deg smoothiedrikke. 

Mange frivillige stiller

Sidan dei ikkje har arrangert open dag på nokre år var Vassbotten usikker på om dei fekk hanka inn alle frivillige som tidlegare år. 

– Men det var ikkje noko problem. Mange frivillige stiller opp for å hjelpa til, og me er svært takksame for hjelpa dei bidreg med i år som tidlegare år. Me er glade for at folk er så nøgde med arrangementet og dette gleder me oss storstilt til, seier ho avslutningsvis. 

Steinvik-konsernet har store planar for oppgraderingar av visingssenteret deira, men har lagt planane litt på is, ettersom det er usikkert kva som skjer etter Havbruksutvalet kom med sin NOU, der dei ynskjer å skrote visningsløyvene.