Kystpodden:
– Eg sette foten i døra
– Han ville ikkje ha noko å gjere med verken meg eller Skretting. Han hadde kjøpt noko som ikkje heldt mål, meinte han. Då sette eg foten i døra. Det enda med ein god prat og han vart mangeårig Skretting-kunde.
Kystpodden har møtt Erlend Waatevik som delar historier frå sine 53 år i oppdrettsnæringa.
I størsteparten av sitt yrkesliv har han vore i Skretting si teneste. Men vi skal tilbake til der det starta.
– Eg vart kjend med Olav Hanssen (gründer og redaktør i Norsk Fiskeoppdrett, red.anm.), før han vart fagkonsulent i Direktoratet for vilt- og ferskvannsfiske. Olav var ein farande mann som hadde greie på kvinnfolk. Liv, som var nabo og syster til bestekompisen min, blei kona hans etter kvart, og slik var det at vi stifta kjennskap. Han var på mange måtar den som leia meg fram til oppdrettsnæringa, fortel Erlend.
Leste i «Vi Menn»
– Eg hadde ein god kamerat, Magne Bolstad (oppdrettspioneer i Hardanger, red. anm) som var eit unikum når det gjaldt fisk. Han var på telttur og leste ei reportasje i Vi Menn om nokre danskar som hadde lukkast med oppdrett. Han reiv ned teltet og kona måtte flytte inn i bilen. Reiste heim og bygde klekkeri, fortel Erlend på den måten Erlend kan fortelje historier.
Men noko pågåande dørseljar vil han ikkje vedgå å ha vore. Heller å bruke forskingsresultat og erfaringar i arbeidet.
– Det var ein oppdrettar eg ringte til som ikkje verken ville snakke med meg eller ha besøk. Eg troppa likevel opp og banka på. Han opna døra, men ville framleis ikkje prate. Då sette eg foten i døra og vi fekk ein prat i døropninga. Etter kvart inviterte han meg inn, og vi hadde ei synfaring på anlegget. Eg såg ein del ting som han burde gjere noko med, og det enda med at han inviterte meg på middag. Han vart ein mangeårig kunde, humrar Erlend.
Erlend har hatt fleire stillingar og roller i Skretting, I dei seinare år har han jobba med Rensefiskkonferansen i regi av Aqkva AS, men no er det slutt, ifølgje han sjølv.
– Etter 53 år i næringa takkar eg av, seier han til «Kystpodden».
Alle episodar av «Kystpodden» kan du sjå på Kyst.no/Kystpodden og Spotify
- Aldri ein laurdag uten
Sjå meir frå Kystpodden:
-
Ser tilbake på 54 år i havbruksnæringen
Erlend Waatevik fyller 80 år i dag, 25. november. Etter 54 år i havbruksnæringen ser han tilbake på et langt yrkesliv der både smolt, fôr og rensefisk har stått sentralt.
-
«Ein som trur at dette er lett-tjente pengar, bør ikkje starte med fiskeoppdrett»
Orda kom frå oppdrettspioner Andreas Blom i eit intervju i Norsk Fiskeoppdrett nr. 1, første årgang 1976. Høyr meir i Kystpodden der vi har snakka med sonen, Jakob Blom.
-
Fra null til 7,6 milliarder
Knut Molaug har noen eventyrlige prestasjoner på sin CV. Han bygget AKVA group til å bli et milliardkonsern, for så å bygge Green Mountain fra null til en salgsverdi på 7,6 milliarder kroner etter vel 10 år. Kystpodden har snakket med Knut. Og ikke minst om hans far, Ole.
-
Tok ut lønnen i settefisk
– Tror det var på et årsmøte i NFF jeg underholdt mine bordgjester med hvor mange varianter man kan spise av makrell. Etter 21 ville de ikke høre mer, forteller vår gjest og ler godt. Kystpodden har møtt Karl Olaf Jørgensen – pioneren som viste at det var mulig å drive lakseoppdrett på Sørlandet, og som vokste opp på makrell.
-
Oppdrett i opne nøter er ei museumssak
Torgeir Skretting tok til orde for å stimulere til overgang til lukka, flytande produksjon allereie på slutten av 1980-talet. Men til og med miljøorganisasjonane sa nei takk.
-
Tok med minkfarmen og flytta til Hammerfest
John Simonsen fekk tre «uløyselege» dilemma og hanskast med som ung. Kva gjer du når du forelskar deg i ei dame frå Hammerfest når du driv farsgarden med pelsdyroppdrett i Selbu? Du tar sjølvsagt med deg pelsdyra på flyttelasset.
-
– Bli med på kurs. Du får en datamaskin på hjemlån i to uker
Frem til slutten av 1980-tallet var penn og papir det mest vanlig når oppdretterne skulle holde styr på beholdning, fôring og slakting. Mannen som tok næringen inn i dataalderen er vår gjest i denne utgaven av Kystpodden. Vi snakker med Olav Jamtøy.
-
Fiskebåtskipparen som vart oppdrettspioner
Han leverte ei last med pigghå til Olav Svendsen på Bømlo. Det vart startskotet for eit oppdrettseventyr i Sør-Trøndelag.
-
Ridder av ørretens brorskap
Til toner av Franz Schuberts «Die Forrelle» (ørreten) ble Daniel Støle slått til ridder av La Confrerie des Chevaliers de la Truite. Det skjedde på en tilstelning i Brussel i 2001 der Europas ørretoppdrettere var samlet. Hør Reidun Ann Støle fortelle mer om sin far i Kystpodden.
-
Et paradigmeskifte innen vaksineteknologi
DNA-vaksinen mot PD som kom på markedet i 2018 representerte et paradigmeskifte innen vaksineteknologi. For denne utviklingen er MSD nominert som kandidat til årets Fiskevelferdspris.