Mjølkebilsjåføren som vart lakseoppdrettar
– Turen gjekk først til Erling Osland for å sjå korleis han fekk ørretyngelen til å vekse i innhegningane som han hadde laga i sjøen. Deretter gjekk turen til Olav Svendsen på Bømlo for å sjå på dei firkanta flytemerdane han hadde laga.
Vel heime i Oppedal, ytst i Sognefjorden starta han lakseoppdrett. Det er tidleg på 1970-talet, og vår gjest i denne sendinga av «Kystpodden», Steinar Østerbø, køyrde mjølkebilen og hadde overteke farsgarden. Han hadde ikkje tenkt tanken på å begynne med lakseoppdrett før naboen, Håkon Asheim, sette han på ideen. Sidan har Steinar ikkje sett seg tilbake. Han var lakseoppdrettar til han selde seg ut i 2005.
Aqua Farms
Steinar Østerbø var blant dei første som etablerte eit organisert samarbeid mellom lokale lakseoppdrettarar då AS Samdrift vart stifta tidleg på 1990-talet. Det vart kimen til det som seinare skulle bli Aqua Farms AS – eit av dei større lakseselskapa på byrjinga av 2000-talet.
– Å sjå seg tilbake har ikkje vore mi greie. Vi hadde ikkje mange alternativ då vi selde aksjane i AquaFarms til Pan Fish i 2005. Vi måtte ha inn meir kapital og banken sa nei. For oss vart kapitalen dyr, seier han lakonisk, og legg til at det som har skjedd seinare med den kolossale verdiutviklinga i oppdrettsnæringa ikkje er noko ein kan tenkje på i dag.
Steinar har i det seinare brukt pengar på å utvikle ny verksemd innan oppdrett. No handlar det om produksjon av kveiteyngel i Sogn Aqua Juveniles AS.
Høyr Steinar Østerbø fortelje si historie i Kystpodden
Laurdag 15. februar 2024 kl. 10.00
Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg, aldri ein laurdag utan
Les mer om Kystpodden:
-
“Ein som trur at dette er lett-tjente pengar, bør ikkje starte med fiskeoppdrett”
-
Fra null til 7,6 milliarder
-
Tok ut lønnen i settefisk
-
Oppdrett i opne nøter er ei museumssak
-
Tok med minkfarmen og flytta til Hammerfest
-
– Bli med på kurs. Du får en datamaskin på hjemlån i to uker
-
Fiskebåtskipparen som vart oppdrettspioner
-
Ridder av ørretens brorskap
-
Et paradigmeskifte innen vaksineteknologi
-
Minneord om Thorbjørn Flakstad